11. oktober 2014
16:00

På Herr Nilsen. Inngang kr 150,-.
Dørsalg

«All The Things You Could Be By Now If Sigmund Freud’s Wife Was Your Mother» er et band som er satt saman for å hylle den legendariske bassisten og komponisten Charles Mingus. Bandet, som har fått sitt namn frå ein av Mingus sine låtar (skrive over akkordskjemaet til standardlåten «All the things you are»), har valgt ut eit knippe av Mingus sine beste komposisjonar og vil framføre delvis nye arrangement av desse. Det blir ein konsert i Mingus si and der energi, driv og sterke kjensler er i fokus. I kjernen av alle av Charles Mingus sine band stod alltid det nære og 21-år lange samarbeidet med trommeslagaren Dannie Richmond. Slik er det også naturleg at «All The Things You Could Be By Now If Sigmund Freud’s Wife Was Your Mother»  vart initiert av nettop ein bassist, Audun Ellingsen, og ein trommeslager, Hermund Nygard. Med seg har dei eit fantastisk band beståande av Kristoffer Eikrem – trompet, Atle Nymo – saksofon, Erik Johannessen – trombone og Jørn Øien – piano. 

Kristoffer Eikrem – trompet 
Atle Nymo – saksofon 
Erik Johannesen – trombone 
Jørn Øien – piano 
Audun Ellingsen – bass 
Hermund Nygård – trommer 
Charles Mingus – spøkelse